Den skjulte krafta i eit spørsmål
Kan du hugsa sist nokon stilte deg eit spørsmål som fekk deg til å stoppa opp? Eit spørsmål du ikkje hadde eit ferdig svar på?
Av og til klarar eg å stilla slike spørsmål sjølv, og ganske nyleg traff eg på eit til ein deltakar på ein workshop. Eg gjorde det fordi eg var genuint nysgjerrig, men såg med ein gong at det skapte noko i deltakaren på ein måte eg ikkje hadde venta.
Det vart stille. Lenge.
Eg vart usikker. Kva skjedde no? Hadde eg gått for langt? Alt i meg ville fylla stillheita med eit nytt spørsmål eller ei forklaring, noko som kunne gjera det lettare for oss begge. Likevel lét eg vera. Eg såg at hen tenkte, og eg valde å gi stillheita plass.
Det som skjedde der har eg tenkt mykje på no i ettertid. Kva er det eigentleg eit spørsmål gjer?
Kvifor spør me?
Me stiller spørsmål heile dagen, og nokon meir enn andre. Dei fleste skjer på refleks. Me spør for å få vita noko, for å visa at me lyttar, eller fordi me ventar på å få seia vårt eige. Nokre gonger er spørsmålet eigentleg eit råd i forkledning: «Har du tenkt på å gjera det på ein annan måte?»
Den kanadiske familieterapeuten Karl Tomm skreiv på slutten av 1980-talet om korleis spørsmål verkar. Han såg på to ting. Vil eg forstå, eller vil eg påverka? Og ser eg etter ein enkel årsak, eller etter samanhengar?
Det gav han fire typar spørsmål:
Lineære spørsmål hentar fakta og forklaringar. Dei svarar på kva som skjedde.
Sirkulære spørsmål utforskar samanhengar og relasjonar. Dei svarar på korleis ting heng saman.
Strategiske spørsmål prøver å styra den andre i ei bestemt retning. Dei svarar på kva den som spør meiner bør skje.
Refleksive spørsmål opnar for at den andre finn nye perspektiv sjølv. Dei svarar på kva som kan bli mogleg.

Ingen av dei er betre enn dei andre. Poenget til Tomm var at me bør vita kva me prøver å oppnå når me spør.
Det er lettare sagt enn gjort. Eg spurde fordi eg ville forstå. Men spørsmålet mitt verka meir som eit refleksivt spørsmål. Det opna noko hos deltakaren som eg ikkje hadde planlagt.
Spørsmålet er allereie ei handling
I Appreciative Inquiry, som David Cooperrider og kollegaene hans utvikla, er dette eit kjernepunkt. Endringa startar i det augneblinken spørsmålet blir stilt. For å svara må den andre tenkja i ei bestemt retning. Merksemda flyttar seg, og noko nytt kan koma til syne.
Det betyr også at eit spørsmål aldri er nøytralt. Det vel ut noko å sjå på og lèt anna liggja. «Kva gjekk gale?» og «Kva lærte du?» handlar om same hending. Men dei opnar for to heilt ulike samtalar.
Spørsmålet mitt sette noko i gang i det augneblinken det vart stilt. Kva det var, kunne eg ikkje styra. Det einaste eg veit er at det hadde meir kraft i seg enn eg trudde.
Passe uvanleg
Den norske psykiateren Tom Andersen frå Tromsø, kjend for det reflekterande teamet, sa noko eg ofte vender tilbake til. Eit spørsmål som er for vanleg, set ikkje i gang noko nytt. Me har høyrt det før, og svaret ligg klart. Eit spørsmål som er for uvanleg, kan få den andre til å lukka seg. Det som skapar rørsle, er spørsmål som er passe uvanlege.
Andersen skreiv også om dei indre og dei ytre samtalane. Når nokon får eit spørsmål, startar ein samtale på innsida før svaret kjem ut. Den indre samtalen treng tid.
Kanskje var det det eg var vitne til. Ein indre samtale i full gang. Og kanskje var det nettopp difor det var så viktig at eg ikkje sa noko.
Kvifor er stillheita så vanskeleg?
Som leiar og prosessleiar kjenner eg på eit ansvar for at samtalen skal flyta. Stillheit kan opplevast som eit teikn på at noko har gått gale eller manglande engasjement. Då er det freistande å redda situasjonen. Eit nytt spørsmål. Ei ny formulering. Ein liten spøk.
Men kven reddar eg eigentleg då? Som regel er det kanskje meg sjølv?
Edgar Schein skriv i boka Humble Inquiry (2013) om å spørja ut frå ekte nysgjerrigheit. Det krev at me toler å ikkje vita. At me er opne for eit svar me ikkje hadde venta, og for at svaret kanskje kjem seinare eller aldri blir sagt høgt.
Det er krevjande, og eg lèt meg framleis freista til å fylla stillheita. Men den dagen klarte eg å la vera, og eg trur det gjorde ein skilnad.
Kva betyr dette for deg som leiar?
Leiarar stiller mange spørsmål. I medarbeidarsamtalar, i møte, i gangen. Kanskje er det verdt å stoppa opp før neste spørsmål og kjenna etter: Vil eg forstå, eller vil eg påverka? Begge delar kan vera greitt. Men det er godt å vita kva ein gjer.
Og kanskje er det like viktig kva du gjer etter at spørsmålet er stilt. Eit godt spørsmål treng tid til å verka. Stillheita som følgjer, er ikkje tom. Ofte er det der arbeidet skjer.
Tilbake til stillheita
Eg veit framleis ikkje heilt kva som gjekk føre seg hjå deltakaren den dagen. Kanskje treng eg ikkje vita det heller. Eg såg at hen tenkte, og det var nok.
Når gav du sist eit spørsmål tid til å verka?
Kjelder
Andersen, T. (1991). The Reflecting Team: Dialogues and Dialogues about the Dialogues. W. W. Norton.
Cooperrider, D. L. og Srivastva, S. (1987). Appreciative inquiry in organizational life. Research in Organizational Change and Development, 1, 129–169.
Schein, E. H. (2013). Humble Inquiry: The Gentle Art of Asking Instead of Telling. Berrett-Koehler.
Tomm, K. (1988). Interventive interviewing: Part III. Intending to ask lineal, circular, strategic, or reflexive questions? Family Process, 27(1), 1–15.




Kommentarer