top of page
Om Evoka

Namnet Evoka kjem frå ordet evoke, som betyr å vekkja til live, og framkalla. Det skildrar godt kjerna i det me ynskjer å gjere. Å vekkja potensialet som allereie finst hjå den enkelte, i team og organisasjonar. Løysingane ligg ofte litt skjult, så det handlar berre om å klara å skapa rom og gode prosessar for å få dei fram. Å skapa trygge rom og omgjevnadar for læring, utvikling og samarbeid er difor heilt sentralt i alt me gjer.

​Me brukar naturen aktivt og legg til rette for praktiske øvingar og aktivitetar som gjev ei erfaringsbasert læring der naturen fungerer som både arena og verktøy. På denne måten skapar me rom for refleksjon, kreativitet og erfaringar som gjev auka læring. 

Våre verdiar


Verdiane våre skal vere det indre kompasset me styrer etter. Det skal vere noko me trur på, og står for. Dei påverkar korleis me kommuniserer, prioriterer, samarbeider og tek avgjerder.

 

Det er kulturen vår. 

Balanse

Me trur at eit berekraftig liv handlar om å vere i rytme mellom innsats og kvile, mellom jobb og privatliv, mellom det individuelle og det kollektive. Balanse er ein føresetnad for at me skal kunna halda fram over tid. Balanse handlar også om å føla meining i det me gjer, og oppleva at det me gjer er meiningsfullt for både oss sjølve og andre.

Læring

Me er nysgjerrige av natur, og for oss er det like viktig å dela av det me kan som å læra av andre. Læring er noko me tek med oss inn i alt me gjer, og skjer i ein prosess saman med våre kundar og samarbeidspartnarar. Det handlar ikkje berre om å få meir kunnskap, men om å få nye perspektiv, innsikt og ei betre forståing av verda me lev i, og er ein del av.

Skaparglede

Me trur at dei beste resultata kjem når nysgjerrigheit, engasjement og fridom til å prøva er til stades. Skaparglede handlar ikkje om å ha svaret på førehand. Det handlar om vilje, mot og lyst til å utforska, eksperimentera og skapa noko nytt. 

Laget

Evoka er bygd av menneske som brenn for utvikling, gode relasjonar og naturen som læringsarena. Me tek med oss ulike perspektiv inn i arbeidet, og skapar rom for refleksjon, dialog og bevegelse – saman med kundane våre.

bottom of page