top of page
20251226_115533.jpg

Fagleg forankring

Tilnærminga vår byggjer på seks teoretiske retningar som står kvar for seg, men som saman gir eit solid grunnlag for læring og utvikling.

Systemteori

Me ser oss sjølve som ein del av eit større system: teamet, organisasjonen og lokalsamfunnet. Endringar ein stad påverkar systemet, og systemet påverkar tilbake. Ei løysing éin stad kan difor skapa nye utfordringar ein annan stad, og det krev ei heilskapleg tilnærming. Heilskapen er meir enn summen av delane.


Referansar: von Bertalanffy, Bateson og Senge.

kvifor_pratebobler.png

Sosialkonstruksjonisme

Eit system heng saman gjennom relasjonar, og relasjonar vert skapte gjennom samtalar, språk og kultur. Språket skildrar verkelegheita, og er samstundes med på å skapa ho. Leiarskap, identitet og meining vert til gjennom språk og relasjonar. Difor legg me vekt på dialog, medverknad og felles meiningsdanning.


Referansar: Berger og Luckmann, Gergen, og Cooperrider og Srivastva (Appreciative Inquiry).

Positiv psykologi

Orda me vel formar kva me ser. Difor er det viktig kva me rettar merksemda mot. I Evoka har me ei styrkebasert og anerkjennande tilnærming, der me byggjer på det som allereie fungerer. Det skapar motivasjon, meistring og meining, som igjen er grunnlaget for deltaking og læring.


Referansar: Seligman (PERMA) og Csikszentmihalyi (flyt).

vekst_blome-under-lupe.png

Kjernekvalitetar

Positiv psykologi rettar blikket mot styrkar. Daniel Ofman tek det eit steg vidare. Han viser at bak åtferd me reagerer på, ligg det ofte ein kvalitet som har slått litt over. Den som verkar pågåande, er kanskje eigentleg handlekraftig. Den som verkar sta, er kanskje uthaldande.

​

Når me ser etter kvaliteten bak det som er synleg, endrar samtalen seg. Leiarar og team får eit felles språk for å forstå seg sjølve og kvarandre, og for å utvikla seg vidare ut frå det dei allereie er gode på.


Referanse: Ofman (Core Qualities: A Gateway to Human Resources).

Attention Restoration Theory (ART)

Læring og utvikling krev overskot. Konsentrasjon og kognitiv kapasitet er ein avgrensa ressurs som vert tømd av krevjande oppgåver. Naturlege omgjevnader har eigenskapar som er med å byggja kapasiteten opp att.


Referansar: Kaplan og Kaplan (1989) og Kaplan (1995).

natur_bilderamme-fjell.png
natur_vervarsel-sol-og-sky.png

Stress Reduction Theory (SRT)

Medan ART handlar om hovudet dreier SRT seg om kroppen. Teorien forklarar korleis natur roar ned den kroppslege stressresponsen. Ulrich og kollegaer (1991) viste at møte med naturlege omgjevnader gir raskare og meir fullstendig restitusjon etter stress, både emosjonelt og fysiologisk. Difor kan naturen vera ein god arena for pausar og refleksjon, når det tener formålet.


Referanse: Ulrich mfl. (1991), Journal of Environmental Psychology.

La oss starte ein samtale

Telefon

E-post 

Sosiale media

  • LinkedIn

Kontakt oss

bottom of page