top of page
Grønne fjell.png
Vossaspire logo.png

Leiarutvikling med røter i Voss og Hardanger​​

​

Ein god leiar veit at folk spirar og veks når nokon sørgjer for gode vekstvilkår. Vossaspire er eit praksisnært og styrkebasert leiarutviklingsprogram for deg som vil dyrka fram det beste i menneska rundt deg.

​

Dette kurset tek utgangspunkt i din kontekst og det du står i som leiar, og gir deg konkrete verktøy du kan nytta i kvardagen. Gjennom programmet nyttar me ein kombinasjon av lokal natur som klasserom og kvardagen din som treningsarena.​​

​

KS har godkjent dette kurset for økonomisk støtte frå OU- midlane. Hugs å senda inn søknad i forkant for å være sikra refusjon. Skjema for søknad kan lastes ned på www.ks.no/ou-soknad.

​

Er du i tillegg medlem i Hardanger og Voss Næringshage AS  har du no sjansen til å få ein ekstra medlemsfordel på 1500 kr på leiarprogrammet som har oppstart 15. oktober. 
Merk: "Medlem i Hardanger og Voss Næringshage" i bookingskjema, så korrigerar me ved fakturering. 

Pris: 19 900,-
Introtilbod: 30% på kurs hausten 2026

Vossaspire hausten 2026:

 

Tid: 

  • Samling 1:   15.oktober 2026, 09:00-15:30

  • Samling 2:  27.oktober 2026, 09:00-15:30

  • Samling 3:  10.november 2026, 09:00-15:30

  • Samling 4:  26.november 2026, 09:00-15:30

​

Stad:
Evoka AS, Uttrågata 33, 5700 Voss

Formål:
Fremja leiarskap som har mennesket i fokus.
​
Mål:
Gje deg som deltakar ei styrkebasert tilnærming til leiing, der du byggjer på det som fungerer hjå deg sjølv og andre.

Kven passar programmet for?

Vossaspire er for leiarar i alle sektorar og bransjar, anten du er heilt fersk i rolla eller har mange års erfaring.

Logomerke Innsikt Transparent rgb_edited

Kven er du?

  • Mellomleiar eller teamleiar som vil utvikla eige leiarskap

  • Ny som leiar eller prosjektleiar som vil byggja eit solid fundament frå start

  • Erfaren leiar som ynskjer fagleg påfyll 

Logomerke Vekst Transparent rgb_edited.png

Kva sit du att med?

  • Auka innsikt i eigne styrkar, verdiar og utviklingsmoglegheiter

  • Verktøy som gjer deg meir effektiv i leiarrolla

  • Auka kunnskap om korleis du kan skapa motivasjon og engasjement

  • Meir energi, betre balanse og eit nettverk for vidare vekst

Slik er programmet bygd opp

​​​

  • Programmet vert gjennomført over 4 samlingar, og er basert på praktiske øvingar, sjølvrefleksjon og gruppearbeid.   

  • 16-20 plassar. Ei lita gruppe gjev tett oppfølging og trygt rom for å øva

  • Praksisnære øvingar kombinert med teori, der du får verktøy du kan nytta på jobb dagen etter
     

Varig endring krev tid og kontinuitet. Mellom samlingane trenar du på eigen arbeidsplass, slik at ny kunnskap blir til nye vanar og ikkje berre gode intensjonar.

​

Logomerke Prosess Transparent rgb_edited.png

Samling 1:
Kven er du som leiar?

​

Me startar med sjølvinnsikt. Utforsk eigen leiarstil, styrkar og verdiar, og få eit tydelegare bilete av kven du er som leiar i dag og ønskjer å vera framover.

Logomerke Leken Transparent rgb_edited.png

Samling 2:
Kven er du som leiar og medarbeidar?

Lær korleis du påverkar andre, og korleis andre påverkar deg. Du får innsikt som styrkjer relasjonar, tillit, motivasjon og samarbeid.

Logomerke Prosess Transparent rgb_edited.png

Samling 3:
Å leia i endring eller vere leiar av endring?

Få verktøy for å setja retning, skapa engasjement og leia folk trygt gjennom endring og utvikling.

Logomerke Vekst Transparent rgb_edited.png

Samling 4:
Kultur, balanse og vegen vidare

Utforsk kva som skaper ein sterk organisasjonskultur, og korleis du kan ta vare på energi, engasjement og utvikling over tid.

Prosessleiarane
Trond og Laila


Me er eit lag med komplementære eigenskapar som deler ein felles lidenskap for naturen, utvikling og gode relasjonar.   

bottom of page