Vossaspire 1, oppstart januar 2027
Leiarskap som har mennesket i fokus. Fire samlingar på Voss.
Tilgjengelige plasser
Tjenestebeskrivelse
Ein god leiar veit at folk spirar og veks når nokon sørgjer for gode vekstvilkår. Vossaspire er eit praksisnært og styrkebasert leiarutviklingsprogram for deg som vil fremje det beste i menneska rundt deg. Du tek utgangspunkt i din eigen leiarkontekst og det du står i som leiar no, og du får konkrete verktøy du kan bruke i kvardagen. Gjennom programmet nyttar me ein kombinasjon av lokal natur som klasserom og kvardagen din som treningsarena. Programmet går over fire samlingar på Voss, og det er bygd på praktiske øvingar, sjølvrefleksjon og gruppearbeid. Mellom samlingane trener du på eigen arbeidsplass. Samling 1: Kven er du som leiar? Sjølvinnsikt, leiarstil, styrkar og verdiar. Samling 2: Kven er du som leiar og medarbeidar? Påverknad, relasjonar, tillit og motivasjon. Samling 3: Å leie i endring, og å vere leiar av endring. Retning, engasjement og trygg leiing gjennom utvikling. Samling 4: Kultur, balanse og vegen vidare. Kva som skaper sterk organisasjonskultur, og korleis du tek vare på energi over tid. Du får: - Auka innsikt i eigne styrkar, verdiar og utviklingsmoglegheiter - Verktøy som gjer deg meir effektiv i leiarrolla - Kunnskap om korleis du skaper motivasjon og engasjement - Meir energi, betre balanse og eit nettverk for vidare vekst Kven passar programmet for? Leiarar i alle sektorar og bransjar, frå nye til erfarne: mellomleiarar, teamleiarar, nye leiarar, prosjektleiarar og erfarne leiarar som vil ha fagleg påfyll. Praktisk informasjon: Det er 16 til 20 plassar. KS har godkjent kurset for økonomisk støtte frå OU-midlane. Søknad må sendast inn på førehand for å sikre refusjon: www.ks.no/ou-soknad Medlemmer i Hardanger og Voss Næringshage AS får 1500 kr ekstra. Skriv "Medlem i Hardanger og Voss Næringshage" i bookingskjemaet. Prosessleiarar er Trond og Laila.
Kommende økter
Avbestillingsregler
Fri avmelding fram til 30 dager før oppstart av programmet. Avmelding må sendast skriftleg til post@evoka.no. Avmelding etter fristen vert belasta med eit gebyr tilsvarande 50% av deltakarprisen.
Kontaktinformasjon
56 51 00 82
post@evoka.no
Uttrågata 33, Vossevangen, Norway