
Teamutvikling
Kva om du kunne gitt teamet ei god rytme som held seg over tid?
Kva om du kunne bruke eigne styrkar med større presisjon, utan å gå i overslag eller fastlåste mønster?
Teametablering og teamutvikling med tydeleg retning frå dag éin.
Me tek utgangspunkt i metoden Start Smart, som er ein strukturert metode for etablering og utvikling av team og grupper. I tillegg krydrar me det med naturen som læringsarena
Dei fleste team startar litt som ein ny jobb: litt klønete, litt høfleg, og alle er litt for forsiktige til å seia kva dei eigentleg meiner. Start Smart er metodikken som kuttar den fasen drastisk og erstattar den med retning, tillit og eigarskap frå dag éin.
Me tilbyr Start Smart som ei teneste, anten de skal etablera eit heilt nytt team eller ynskjer å gje eit eksisterande team ny energi. Gjennom dette opplegget lærer du meir om korleis du kan få det beste ut av flokken din gjennom praktiske øvingar med naturen som aktiv læringsarena.
Kva kan de forventa?
Etter ein Start Smart prosess med oss vil teamet:
-
Ha ei felles forståing av formål, retning, roller og spelereglar for teamet
-
Kommunisera på ein betre måte, med meir openheit og tillit
-
Ha ein konkret plan og teamkontrakt for korleis samhandinga skal haldast ved like over tid.
-
Vere kobla til organisasjonens verdiar og visjon.
Kurset passar for deg som:
Start Smart passar for eksisterande eller nye team som vil sikra betre retning og samhandling
For deg som er prosjektleiar som skal etablere eit nytt prosjektteam
For deg som arbeider med HR, organisasjonsutvikling eller leiarstøtte
Forkunnskap:
Det krevst ingen forkunnskap - berre vilje til å investera i laget
Pris:
Ta kontakt
Varigheit:
2 dagar
Prosessleiarane
Trond og Laila
Me er eit lag med komplementære eigenskapar som deler ein felles lidenskap for naturen, utvikling og gode relasjonar.
