
Sjølvutvikling
Kva om du kjende deg sjølv godt nok til å forstå kvifor du reagerer som du gjer – og klarte å bruka den innsikta til å bli ein betre leiar og kollega?
Kva om du kunne bruke eigne styrkar med større presisjon, utan å gå i overslag eller fastlåste mønster?
I dette 2-dagars kurset vil du læra meir om Kjernekvadranten, ei metode for auka sjølvinnsikt og betre samhandling, med naturen som læringsarena.
Kjernekvadranten er eitt av dei mest treffsikre verktøya innan personleg utvikling. Ikkje fordi han er komplisert, men fordi han gjev språk til det som ofte ligg under overflata i samspel mellom menneske.
I løpet av kurset arbeider du grundig med din eigen kjernekvadrant, og lærer korleis metodikken kan nyttast i samarbeid, tilbakemeldingar og teamutvikling. Med naturen som aktiv læringsarena skapar me rom for refleksjon, fordjuping og erfaringsbasert læring, i bevegelse og i møte med andre.
Etter gjennomført kurs skal du kunna:
-
Forklare dei fire elementa i Kjernekvadranten: kjernekvalitet, overslag, utfordring og allergi
-
Kartlegge din eigen kvadrant og sjå korleis han påverkar deg
-
Bruka Kjernekvadranten som verktøy for refleksjon, tilbakemelding og kommunikasjon
-
Forstå korleis teamet ditt utfyller kvarandre, og kvar friksjon kan oppstå
-
Utarbeida ein konkret plan for korleis denne kunnskapen kan nyttast i eige team
Kurset passar for deg som:
-
Er leiar som ønskjer djupare sjølvinnsikt og betre verktøy for kommunikasjon med teamet
-
Er prosjektleiar eller teamleiar som vil forstå dynamikken i gruppa betre
-
Arbeider med HR, organisasjonsutvikling eller leiarstøtte
-
Kjenner til Kjernekvadranten frå før og vil forstå korleis du kan nytta metodikken i praksis
Forkunnskap:
Det er ingen krav til forkunnskap for å delta på dette kurset.
Pris:
kr 14 990,-
Bindande påmelding
Varigheit:
2 dagar
Kor:
Voss og omegn
Neste kurs:
10 - 11. juni
Prosessleiarane
Trond og Laila
Me er eit lag med komplementære eigenskapar som deler ein felles lidenskap for naturen, utvikling og gode relasjonar.
