top of page
Logomerke Innsikt Transparent rgb.png

Sjølvutvikling

Kva om du kjende deg sjølv godt nok til å forstå kvifor du reagerer som du gjer – og klarte å bruka den innsikta til å bli ein betre leiar og kollega?   


Kva om du kunne bruke eigne styrkar med større presisjon, utan å gå i overslag eller fastlåste mønster?
 

​​I dette 2-dagars kurset vil du læra meir om Kjernekvadranten, ei metode for auka sjølvinnsikt og betre samhandling, med naturen som læringsarena.

​Kjernekvadranten er eitt av dei mest treffsikre verktøya innan personleg utvikling. Ikkje fordi han er komplisert, men fordi han gjev språk til det som ofte ligg under overflata i samspel mellom menneske.

I løpet av kurset arbeider du grundig med din eigen kjernekvadrant, og lærer korleis metodikken kan nyttast i samarbeid, tilbakemeldingar og teamutvikling. Med naturen som aktiv læringsarena skapar me rom for refleksjon, fordjuping og erfaringsbasert læring, i bevegelse og i møte med andre.

Etter gjennomført kurs skal du kunna: 

  • Forklare dei fire elementa i Kjernekvadranten: kjernekvalitet, overslag, utfordring og allergi 

  • Kartlegge din eigen kvadrant og sjå korleis han påverkar deg 

  • Bruka Kjernekvadranten som verktøy for refleksjon, tilbakemelding og kommunikasjon 

  • Forstå korleis teamet ditt utfyller kvarandre, og kvar friksjon kan oppstå 

  • Utarbeida ein konkret plan for korleis denne kunnskapen kan nyttast i eige team

 

Kurset passar for deg som: 

  • Er leiar som ønskjer djupare sjølvinnsikt og betre verktøy for kommunikasjon med teamet 

  • Er prosjektleiar eller teamleiar som vil forstå dynamikken i gruppa betre 

  • Arbeider med HR, organisasjonsutvikling eller leiarstøtte 

  • Kjenner til Kjernekvadranten frå før og vil forstå korleis du kan nytta metodikken i praksis 

 

Forkunnskap:

Det er ingen krav til forkunnskap for å delta på dette kurset. 

Pris: 

kr 14 990,- 

Bindande påmelding

Varigheit:

2 dagar

Kor:

Voss og omegn

Neste kurs: 

10 - 11. juni 

Prosessleiarane
Trond og Laila


Me er eit lag med komplementære eigenskapar som deler ein felles lidenskap for naturen, utvikling og gode relasjonar.   

bottom of page