top of page

Vår prosess

Skreddarsydd prosess – frå første samtale til varig endring

​​Når de ønskjer ei tilpassa løysing over tid, startar me alltid med å forstå potensialet som allereie finst. Derifrå designar me ein prosess som skapar bevegelse – saman med dykk.

Logomerke Innsikt Transparent rgb.png
01​

Kartlegging

Forstå behov og potensial

Logomerke Leken Transparent rgb.png
02

Idé og design

Setje retning og rammer

03

Gjennomføring

Skape bevegelse i praksis

Logomerke Vekst Transparent rgb.png
04

Evaluering

Sikre læring og vidare steg

Logomerke Innsikt Transparent rgb.png
01​

Kartlegging

Forstå behov og potensial

Kva:

 

Formålet med kartleggingssamtalen er å bli betre kjent med kvarandre, slik at me får litt meir innsikt i kven de er, kva de står i og kva de ynskjer å oppnå.

 

Det er også viktig at de får vite litt meir om oss og korleis me jobbar, slik at me i fellesskap kan avgjere om der er grunnlag for eit samarbeid.

 

Om de er klare for å gå vidare saman med oss, vil me gå tilbake til teiknebrettet for å laga eit forslag som me skal finpussa saman med dykk. 

Tema me utforskar saman:

  • Kvar er de no – og kvar vil de?

  • Kva ynskjer de å oppnå?

  • Kven skal delta og kva er rammene?

Mål:

  • Bli betre kjent med kvarandre og kva de ynskjer å oppnå

  • å nok informasjon slik at me kan laga eit utkast til prosessdesign. 

Logomerke Leken Transparent rgb.png
02

Idé og design

Setje retning og rammer

Kva:

Formålet med denne delen av prosessen er å utarbeida ei skisse som konkretiserer korleis me kan gå fram for å nå dykkar mål. Her vil me laga eit design som inneheld metodar, verktøy, tidsplan og pris, mm.

 

Skissa er eit utgangspunkt, og ikkje ein fasit. Difor vil me gjerne samarbeida med dykk om endeleg utforming før noko vert vedteke.

 

Om de er klare for å gå vidare saman med oss, vil me signera ei oppdragsavtale som formaliserer samarbeidet.

Døme på oppdrag me designar

  • Workshop (2–6 timar) for team eller leiargrupper

  • Endrings- og omstillingsprosessar

  • Analyse og utvikling av eksisterande og nye tenester

  • Seminar, konferansar, temadagar, mm.

 

Mål

  • Verte samde om skisse til gjennomføring

  • Signera oppdragsavtale

03

Gjennomføring

Skape bevegelse i praksis

Kva:

Formålet med denne fasen er å skapa bevegelse og føra deltakarane frå der dei er, mot formålet med prosessen.

 

Vår oppgåve vil vere å ramma inn og leia prosessen, og fasilitera gjennomføringa. Me tek også ansvar for å handtera dei mellommenneskelege prosessane i gruppa.

 

For å gjere det tek me i bruk ulike verktøy og metodar som er basert på forsking og teori innan naturbaserte metodar, positiv psykologi, systemteori, sosialkonstruksjonisme, mm.

Fokus i gjennomføringsfasen

  • Skapa gode rammer og tydeleggjere formålet med prosessen.

  • Stilla utforskande spørsmål for å skapa refleksjon og deling av kunnskap og perspektiv

  • Finna riktig framgangsmåte for å få fram og anerkjenne deltakarane sine styrkar. 

 

Mål

  • Utløysa potensialet som ligg i og mellom deltakarane.

Logomerke Vekst Transparent rgb.png
04

Evaluering

Sikre læring og vidare steg

Kva:

Formålet med denne delen av prosessen er å sikra at de ikkje vert ståande åleine med det som vart sett i gang. Ei god avslutning kan gi både retning og energi til vegen vidare.

 

Me legg til rette for at de får summert opp ny kunnskap, idéar og læring, og at det vert sett i samanheng med formål og mål for prosessen.

 

Me veit at endring og utvikling tek tid, og vil gjerne sjå til at utviklingsarbeidet ikkje sluttar same dag som workshopen. Om de ynskjer det vert me gjerne med på å legga ein plan for neste steg for dykkar reise.

Døme på evaluering og oppfølging

  • Ein kort samtale 2–4 veker etter for å sjekke korleis det har gått.

  • kriftleg oppsummering med konkrete neste steg for vidare arbeid.

 

Mål

  • Validera det som fungerte bra og justera det som kan bli enno betre

  • Validere at innhaldet i oppdragsavtalen er utført og at formål og mål er nådd

La oss starte ein samtale

Sosiale media

  • LinkedIn

Saman skapar me bevegelse

Takk for meldinga!
Me tek kontakt innan kort tid for ein uforpliktande prat. 

Prosessleiarane
Trond og Laila


Me er eit lag med komplementære eigenskapar som deler ein felles lidenskap for naturen, utvikling og gode relasjonar.   

bottom of page